Skinstø i Samnanger

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,7 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 258 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Skinstø ligg 335 m.o.h.og er eit flott utsiktspunkt i Steinslandsmarka.

Det går både sti og skogsvei frå idrettsanlegget i Hagabotnane. Dersom ein fylgjer stien går ein oppå ein åskam, her kjem ein til Åsen, ein open flekk med ei raud løe. Ein fylgjer stien vidare, det er skilta nesten heilt opp. I det siste stikrysset tek ein til venstre. Den andre stien går til Totræna.

Dersom ein går skogsvegen kjem ein til eit lite tjørn som heiter Tovegstjørnet, herfra går ein nokon hundre meter, så deler skogsvegen seg i to. Ein kan gå til Skinstø begge vegar. Vegen/stien til høgre kjem opp i stien som går over Åsen, medan vegen til venstre tek deg opp over Storemyra og du kjem til Skinstø frå nedsida. Det er god sti heilt fram og skilt når du nærmar deg. Litt myrete nokre stader. Turen er ca. 2.5 km ein veg. Frå Skinstø kan ein gå vidare og treffe skogsvegen til Fitjavatnet frå Myra ved å fylgje sti mot venstre når ein går frå Skinstø og blå merker på trea vidare. Då kjem ein ut ca. ved Malkestølen og kan gå ned til skogsvegen derifrå.

Adkomst med egen bil

Parkering ved idrettsanlegget i Hagabotnane.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk skyss sin ruteplanlegger til Haga i Samnanger
Annonse

on the path