Stord Topp 8

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 17,6 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 1225 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep

NB! Denne turen går for det meste IKKJE på T-merka stiar. Stord Topp 8 er eit arrangement som går ein sundag i månadskiftet Mai/Juni kvart år. Ruta for denne rundturen vert merka kun for denne dagen. Skilt og merkeband blir tatt ned etter arrangementet og merkepinnar kan bli fjerna av beitedyr e.l. Du kan likevel gå turen om du er godt kjent eller brukar GPS.

For arrangementsinfo om Stord Topp 8, sjå Stord Fitjar Turlag si nettside. Følg lenka lengre nede på senne sida.

Skildring Topp 8: Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.

Første topp er Stengjelsheddo, 529 moh. Stien går bratt opp Stengjelsdalen før terrenget blir meir småkupert mot toppen. Vidare går turen bratt ned Bortnadalen til Vaulane og deretter opp Ravasslio til topp nummer to, Budalsfjedlet, 526 moh. Så vert det ned til Breidalsleitet og opp til topp nummer tre, Stavalifjedlet, 511 moh. Til neste topp går først stien nordover langs Stavalifjedlet og deretter ned til Aravatnet, passerer Aratjødno og stig opp til topp nummer fire, Sørliknatten, 480 moh. Herifrå går det lett ned til Sørlileitet.

Dette blir eit viktig stikryss. Dei som har valt å avslutta etter dei fire første toppane, går no ned til Tysevatnet og følgjer stien langs dette, og deretter opp Steinasmåget og ned Tyseskaret til mål ved Lundsæter. For alle andre går turen nordover mot Store Tjødnadalen, men før sjølve dalen, ved kanten av ei stor myr, går stien bratt sør-austover opp fjellsida til topp nummer fem, Skårafjellssåto, 665 moh. Vidare sør- austover er terrenget småkupert med lett stigning opp til topp nummer seks, Skårafjedlet, 691 moh. Liknande terreng og same retning er det og til den nest siste toppen, Nibbo, 700 moh. Siste toppen, Stovegolvet, 703 moh., ligg i sørleg retning frå Nibbo, og i rimeleg lettgått terreng.

Den tilrådde turen attende til mål går først nord-austover langs ryggen av Stovegolvmassivet, deretter ned mot Fossabrekko og på skrå ned denne til stikryss, så sørover til Kyviksæter og Lundsæter. Svært mange av dei som har vore oppe ved det restaurerte tårnet på Stovegolvet, har brukt denne skråvegen.

Stord-Fitjar turlag satsar mykje på at turen skal vera trygg for alle. Difor plasserer me vakter med førstehjelpskompetanse på alle toppane, og ved Aravatnet blir det saftstasjon.

Toppturen er tilrettelagt slik at alle skal kunna gå han, born, vaksne, familiar. Dessutan kan bedrifter, lag og organisasjonar stilla med så mange deltakarlag dei måtte ønskja, og eventuelt konkurrera innbyrdes. Om nokon tykkjer åtte toppar blir i meste laget, kan dei velja å gå berre dei fire første og så tilbake til mål.

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1600 m., og total lengde er ca 20 km.

Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.

Første topp er Stengjelsheddo, 529 moh. Stien går bratt opp Stengjelsdalen før terrenget blir meir småkupert mot toppen. Vidare går turen bratt ned Bortnadalen til Vaulane og deretter opp Ravasslio til topp nummer to, Budalsfjedlet, 526 moh. Så vert det ned til Breidalsleitet og opp til topp nummer tre, Stavalifjedlet, 511 moh. Til neste topp går først stien nordover langs Stavalifjedlet og deretter ned til Aravatnet, passerer Aratjødno og stig opp til topp nummer fire, Sørliknatten, 480 moh. Herifrå går det lett ned til Sørlileitet.

Dette blir eit viktig stikryss. Dei som har valt å avslutta etter dei fire første toppane, går no ned til Tysevatnet og følgjer stien langs dette, og deretter opp Steinasmåget og ned Tyseskaret til mål ved Lundsæter. For alle andre går turen nordover mot Store Tjødnadalen, men før sjølve dalen, ved kanten av ei stor myr, går stien bratt sør-austover opp fjellsida til topp nummer fem, Skårafjellssåto, 665 moh. Vidare sør- austover er terrenget småkupert med lett stigning opp til topp nummer seks, Skårafjedlet, 691 moh. Liknande terreng og same retning er det og til den nest siste toppen, Nibbo, 700 moh. Siste toppen, Stovegolvet, 703 moh., ligg i sørleg retning frå Nibbo, og i rimeleg lettgått terreng.

Den tilrådde turen attende til mål går først nord-austover langs ryggen av Stovegolvmassivet, deretter ned mot Fossabrekko og på skrå ned denne til stikryss, så sørover til Kyviksæter og Lundsæter. Svært mange av dei som har vore oppe ved det restaurerte tårnet på Stovegolvet, har brukt denne skråvegen.

Stord-Fitjar turlag satsar mykje på at turen skal vera trygg for alle. Difor plasserer me vakter med førstehjelpskompetanse på alle toppane, og ved Aravatnet blir det saftstasjon.

Vidare beskrivelse gjeld arrangementsdagen for Stord Topp 8:

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1600 m., og total lengde er ca 20 km.

Dei 8 toppane er: - Steingjeldsheddo 529 moh. - Budalsfjellet 526 moh. - Stavalifjellet 511 moh. - Sørliknattet 465 moh. - Skårafjellsåto 665 moh. - Skårafjellet 691 moh. - Nibbo. 700 moh. - Stovegolvet 703 moh.

Dersom du ikkje ynskjer å gå heile 8-fjellsturen, kan du gå gå dei 4 første toppane og deretter fylja stien ut langs ausida av Tysevatnet, opp Steinasmog og ned Tyseskaret til utgangspunktet ved Lundsæther kraftstasjon.

Adkomst med egen bil

Start og slutt er den same som turen til Sengjelsheddo og er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.

Annonse