Parker ved skulen og følg vegen oppover til du kjem på toppen av bakken ved skulen, her tek du til høgre. Passer skytebanen til skogsvegen stansar ved Rygjamyra. Her fortset ein mindre skogsveg i retning av Barkåsen. Eit stykke oppe stansar den også, og ein fylgjer delvis sti i greitt terreng til toppen. Ver merksam på skytebanen.
Turforslaget er laga av Suldal kommune.