Turen startar nær Thon Hotell Jølster på Skei i Jølster og følgjer same ruta som opp til dagsturhytta Fjellro. Turen er relativt kort men byr på mykje flott og mektig Jølster-natur!
Første del går på skogsveg, før du går vidare på god og tydeleg sti opp dei fleste høgdene. Når terrenget flatar noko ut får du fantastisk utsikt over Jølstravatnet mot Kjøsnesfjordbrua og fjella kringom. Frå dette partiet går du i lettare kupert terreng med lyng og svaberg inn til støylen. På vegen opp passerer du eit par små elvefar, der du finn fine kulpar. Flott og idyllisk støyl med både eldre og nye sel. Turen opp tek kring 30-45 min.
AC Kapstad for IST
Turstart rett ved Thon Hotell Jølster og rundkøyringa (E39) i Skei sentrum. Parker på tilviste plassar for parkering til dagsturhytta.