Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.
På kommunegrensa
Start: Ytre Sælen
Tid: 2-3 timar
Høgd: 60-389 moh.
Lengd: 8 km t/r
Nordhordland? Midt i det som var kjent under omgrepet Midhordland? Namnet Nordhordlandskulten er kuriøst i denne delen av fylket, men det har si naturlege forklaring. Meir om det seinare.
Utgangspunktet for denne turen er ikkje skilta. Køyr til Søfteland og ta til venstre like på sørsida av kunstgrasbana. I området ved Sælen møbler er det greitt å finna parkering. Gå Ytre Sælen nordover i retning eigedomane 55 - 59. Ut på skogsveg. Hald til venstre der skogsvegen deler seg. Snart kjem du til eit stidele. Ta til venstre her også. Ruta vidare er merket med band.
Stien er tydeleg det meste av vegen oppover. Underlaget vekslar mellom fast og fin skogbotn og blaut myr, og du går for det aller meste i triveleg fureskog.
Du stig jamt og trutt oppover, somme stader bratt, andre stader flatare. Etter kvart får du fint utsyn både nordover og sørover. Frå Sælefjellet, der terrenget flatar og ryggen innover tek til, er det storfelt utsyn sørover mot Søfteland, endelausmarka og Os-vassdraget. Her er det bok å skriva seg inn i, det er det ikkje på Nordhordlandskulten. For mange er Sælefjellet det naturlege turmålet.
Enno er det halvannan kilometer i småkupert terreng fram til Nordhordlandskulten. På vegen innover må du kryssa eit par myrar, men terrenget er i hovudsak lettgått.
Nordhordlandskulten ligg litt til side for hovudstien vidare innover mot Raudlifjellet. Stien fram til toppunktet er skilta.
Nordhorldandskulten ligg akkurat på kommunegrensa mellom Bergen og Bjørnafjorden (gamle Os kommune). Toppen tek namnet sitt frå den gongen dette var grensa mellom Nordhordland og Midhordland. No er omgrepet Midhordland i all hovudsak ute av bruk.
Det er vidt og vakkert utsyn nordover mot mellom anna Kalandsvatnet frå Nordhordlandskulten (389 moh.).
Turen til Nordhordlandskulten kan fint også gåast frå Røykenes. Parkering ved bensinstasjonen på Røykenes i så tilfelle.