Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.
Utsyn, utsyn, utsyn!
Start: Gjemdal
Tid: 3 timar
Høgd: 90-526 moh.
Lengd: 7 km
Rødsfjellet ligg liksom trykt litt innimellom Møsnuken i vest og Svenningen i nordaust. Med sine 526 moh. rekker det ikkje heilt opp til høgdene til nabofjella, men det det manglar i meter, tek det att i trivnad. Rødsfjellet er det ein kan kalla eit triveleg fjell å gå på.
Turen til toppen av Rødsfjellet handlar mest av alt om utsyn. både undervegs og på toppen er det storfelt utsyn i mange retningar. Sørover mot Bjørnefjorden og Tysnes, austover mot Fusa, Samnanger og Folgefonna, nordover mot Svenningen, Gullfjellet og Byfjellene.
Til utgangspunktet kjem du om du køyrer gjennom Osøyro ov vidare austover mot Hatvik. Ta av til venstre når du kjem til Hegglandsdalsvegen. Nokre hundre meter aust for enden av Tveitavatnet ligg Gjemdal. Her viser skilt veg til Rødsfjellet. Det er parkering langsmed vegen.
Turen tek til på skogsveg som du følgjer ganske bratt oppover. På toppen viser nytt skilt veg ut i terrenget. Stien er tydeleg og godt merkt med raudmåling.
Du svingar inn i Heimste Knutsdalen og opp på kanten i sør. Herifrå følgjer du ryggen (Gemsdalsfjellet) oppover, kryssar eit skar og ei myr og opp på ein ny rygg heile vegen fram mot toppunktet. Underlaget er for det meste fast og fint.
Ta deg tid til å nyta utsynet frå toppen, sjølv om det kan blåsa kaldt. På veg opp har du følgt den raudmåla merkinga. Ned att skal du følgja den kvita, vel å merka om du vil gjera det til ein rundtur. første delen følgjer den same ruta som du kom opp, sidan svingar du litt til høgre. Du kryssar Stemmetjørna på innsida av den gamle stemmegarden. Denne oppdemminga førte vatnet mot Gjemdalsskaret.
Turen går vidare nedover Bjørkeskoghalsen. Her er det fint utsyn mot nord. Det store vatnet du får til høgre for deg her, er Krokvatnet som er hovudvasskjelde for Os-bygda.
Når folk frå Gjemdal og Rød skulle til Bergen i gamle dager, gjekk dei til Krokvatnet og så til venstre mot Gåssand og vidare mot Søfteland og Bergen. Det var også stølsdrift i området.
Vår tur kjem ned på skogsvegen som går mot Krokvatnet. Herifrå er det om lag halvannan kilometer attende til utgangspunktet.