Legg til huskeliste
Annonse

Skilta sti går opp frå p-plassen, etter om lag ein kilometer kryssar den Storebekken og DNT-ruta frå Storeskag mot Oskampen og Gjendesheim. Innimot foten av fjellet deler stien seg, hald til høgre på tydeleg sti opp mot austskuldra (Nasen). Her litt flatt, så brattare og mykje stein vidare opp austryggen før det blir slakare men noko kupert vestover til toppvarden. Ein del vardar undervegs. Mektig utsyn mot vidder og fjell, ikkje minst Jotunheimen og Rondane. Tilrår berre å ta turen i fint vêr/god sikt.

Ei alternativ rute er via vestryggen, ved å fylgje tydeleg, umerka sti vestover under toppmassivet. Vidare langs meir utydeleg sti/tråkk (små vardar) opp steinurd og berg. Ei tredje rute går rett opp litt til høgre for brattaste fjellveggen. Tydeleg sti opp i gras og lyng, steinurd mot slutten. Små vardar undervegs. Desse alternativa krev god erfaring, men opnar for rundturar.

Adkomst med egen bil

Ta av frå fv. 51 i Heggenes, fylg skilt mot Yddin og Langsua nasjonalpark (automatbom undervegs). Kjør forbi Yddin Fjellstogo og vidare hovudleia inn mot Storeskag. Stistart om lag 700 meter før turisthytta (DNT), frå stor parkering med toalettanlegg samt informasjonstavler for nasjonalparken. Tidleg i sesongen, ved sein snøsmelting, kan vegen ha noko redusert standard.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse