Fottur til Stølverlifjellet frå Gjesdalen

Legg til huskeliste
Annonse

Stølverlifjellet gøymer seg bakerst i fjellrekka i Gjesdalsdalen. Toppen har ein praktfull varde med stor utsikt. Undervegs får du flott utsikt over heile Gjesdalsdalen og Finneskotet. På toppen ventar det panoramautsikt mot Kvamshestane i Gaular i vest og mot Gjesdalsvatnet, Middagsfjellet og Kvitefjellet i aust. På godværsdager ser du heilt til Snønipa, det høgste fjellet i Sunnfjord kommune.

Turen startar på parkeringa ved Bakkestøylen i Gjesdalsdalen. Første del av turen følgjer du skiløypa til Jølster løypelag i sørlig retning. Løypa rundar rundt Bakkestøylsvatnet (550 moh.). Du går eit stykke til i skiløypa i austleg retning. Før du kjem til Storehaugtjørna tek du av skiløypa og går i sørleg retning mot høgda 689 moh. Frå du tek av skiløypa og opp til høgda 689 moh. er det eit stykke med dårleg sti i myrlende terreng. Stien kan vere noko utfordrande å finne. Frå 689 moh. går du vidare i sørleg retning mot fjellryggen vest for Finneskotgrova. Du følgjer ryggen vidare opp mot toppen. Her er stien tydelegare, og du finn spor etter raude merke frå ein tidlegare fjelltrim. Opp ryggen er det tørt og lettgått fjellterreng.

Tips
Du kan òg starte turen frå Trinta, som er parkeringa ved Gjesdalsstøylen. Du kan nytte sporet til Finneskotet (sjå lenke) som utgangspunkt for starten av turen herifrå. Stien til Finneskotet går rett ved høgda 689 moh.

Det er fint å ta turen oppom Bakkestøylen.

Om du ønsker deg ein langtur er det fint å gå turen som rundtur via Kvamsfjellet. Frå Stølverlifjellet går du i vestleg retning ned til Litlevatnet før du så tek deg opp til Tverrfjellet. Frå her går du vidare på fjellryggen via Bordtaket, Blåfjelltjørna og opp til Kvamsfjellet. Frå Kvamsfjellet går du i austleg retning over Stordalsfjellet og Varden før du tek deg ned att til parkeringa ved Bakkestøylen. Dette er ei flott runde der du går i kupert og lettgått fjellterreng over ryggane. Det er ikkje sti i partiet bort til Kvamsfjellet. Her kjem du inn på sti igjen. Flott og variert utsikt heile vegen, der du passerer mange små fjellvatn. Runda er på omlag 15 km og 1000 høgdemeter.

Fakta
Omlag 4,2 km kvar veg og 500 høgdemeter. Tid: 2,5-3 timar opp og 5,5-6 timar begge vegar.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalsvegen. Følg denne til gardane rett før brua over Gjesdalselva. Her tek du til høgre og køyrer mot skogsveien vest for elva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps. Køyr skogsveien til endes og parker på parkeringsplassen ved Bakkestøylen.

Annonse