Lønahorgi frå Løne om Svartahorgi til Vossevangen 

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Under Lønahorgi sine ville stup ligg det fleire gamle stølar. Den eldste løypestrengen på Voss, driven med vasskraft, var i drift her. Fortset du til topps kjem du til Lønahorgi, som er ein kraftprøve med 1330 m stigning. Her står den kjende fjernsynsmasta på toppen. Utsikta er vid utover Holbygda, Lønavatnet ,Kyte og deler av Vossevangen.

. Vis a vis Smalahovetunet, går det no nylaga køyreveg opp til Staup. Hit opp kan du køyra og parkera ved brua, men å gå opp vert anbefalt. Garden Staup, er ein einbølt gard med eit inntakt rekkjetun med åtte bygningar. Dei eldste er truleg frå mellomalderen (bu og loft), men dei fleste er frå 1700 og 1800-talet. Staup er ei historisk perle, som er vel verd å kikka innom. Garden var til nedfalls men er no under restaurering av Geir Løne og Smalahovetunet. Smalahovetunet er for mange kjent som einaste smalahovefabrikken i verda, og dei driv også servering for fleire tusen personar kvart år.

Ca 100 m etter tunet på Staup (25 m før ny vegbru) går det ein sti opp til venstre (mot nord). Dette er den gamle buførevegen som var fint lagt på ei naturleg hylle som går opp gjennom dei bratte berga ovanfor Staup. Snart er du oppe i gamal furuskog og passerer elva Breimo over ei bru. Her er det flotte jettegryter i elva til å ta seg eit bad undervegs.

Moldbakken og Breiming:

Etter ein halvtime er du på stølen Moldbakken. Dette er stølen til Løno, og namnet viser til moldrik jord på staden. Frå ca år 1900 vart det bygd ein løypestreng for transport av mjølk frå Moldbakken ned til Løno. Det var ein enkel streng med ”traossa” som vart driven med vasskraft frå ein kvernkall. Stølen hadde ikkje elva tett ved, så frå elva Breimo som gjekk 100 m lenger vest, vart det gravd ut ein kanal fram til Moldbakken, slik at dei vart forsynt med vatn til matstell, kjøling og transport. Der vart elva delt i to, der noko av vatnet rann til Bergsstølen og vidare til garden Høyland. Resten av vatnet vart leidd attende til Breimo, for ein trong alt vatnet i elva nede ved sagbruket på Løno. Moldbakken var i drift til ca 1950.

Dersom du fortset 15 minutt oppover frå Moldbakken kjem du til stølen Breiming, som ligg rett under Årdalen , mellom Lønahorgi og Svartahorgi. Namnet på stølen kjem av elva Breimo, som renn tett ved, og som breier seg ut i fleire greiner. Dette er sommarstølen til garden Staup og austre Løno. Stølen var i drift til ca 1900, og tuftene ser du like ved den raude hytta som står der i dag. Frå Breiming og oppover er det ofte rikt med fine blåbær.

Til topps:

Frå Breiming går det grei sti på høgre sida av elva. Der stien sluttar i Årdalen, ser du gamle tufter etter sommarstøl til Løno og Staup, som var brukt på 1800-talet. Dersom du vil ha deg ein spenstig tur heilt til topps går du i ein halvsirkel om Svartahorgi og rundar inn att på Lønahorgi. Dette er ein tung tur med 1330 m stigning i bratt terreng. Vidare oppover er det snaufjell og du får ei fantastisk utsikt i alle retningar. Frå Lønahorgi kan du fylja t-merka løype Vossevangen eller til Bavallen. Ville ferdavegar i bratte stup går der også ned Horgadalen eller ned att om Klondyke til Flatekvål (her må du vera kjent for å finna fram).

Det er litt kortare og lettare å gå ned i Bavellen fordi her går det bilveg oppover forbi Tråstølen. Vegen er stengt med bom eit stykke ovanfor Bavallstova. Dei som har hytte i området har kort og kan køyra heilt til Tråstølen.

Fakta om turen:

Type tur: Middels tung familietur til Breiming. Turen til Lønahorgi er lang og tung

Sti: God sti frå Staup til Breiming og Årdalen. Litt fuktig, så bruk gode fjellsko.

Lengde: Til Breiming 1,5 timar tur/retur. Til Lønahorgi- Hangur-Vossevangen 8-9 timar inkluert eit par pausar. Til Bavallen ca 2 timar kortare.

Høgdeskilnad : 400 m Løno -Breiming (80 m-480 m). Vidare til Lønahorgi ca 900 m (480-1411 m)

Køyretid:15 minutt med bil frå Vossevangen. Gjer avtale med Smalahovetunet om å få parkera der eller køyr opp til Staup.

Sesong: Juni-oktober

Kart: Voss 1316 III

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Start ved Smalahovetunet ved Lønavatnet og gå opp til bilvegen til Staup på oppsida av E-16. Like før Staup går det sti oppover i Lønaberget. Du kan også køyra til den nedlagde garden Høyland og fylgja traktorveg opp til stølen Moldbakken.

Adkomst med offentlig transport

Buss frå Voss sentrum til Løne
Annonse