Vikastøylen og Kleivafjellet

Publisert av privatperson

Vikastøylen og Kleivafjellet

Om du er turist i Jølster må dette vere ein av dei finaste turane du kan ta med deg heim att minner frå. Sjølv om dette er ein dagstur med utsikt frå nokre av dei bratte sidene ved Kjøsnesfjorden, så er likevel turen av det enkle og ganske så lette slag. Du får til og med sett føtene dine på Nikolai Astrup sin berømte "Kollen" sidan Kleivafjellet er Astrup sin "Kollen". Turen kan mestrast av dei fleste. Det einaste du treng er ein finværsdag og motivasjon for å gå litt i bratte bakkar.

Turen startar ved gamle HV-10 bygget på Skei. Det er god og tydeleg sti heile vegen opp. Her finn du ganske raskt stien, som er tydeleg og god å gå på oppover. Stien er mykje brukt som trimløype for lokale treningsentusiastar. Det er bratt opp til Vikastøylen, og det kan vere litt sleipt og gjørmete einskilde stader når det er vått i været. I starten går du i tett skog og kratt, men landskapet opnar seg på slutten, og du får nydeleg utsikt vestover langs Jølstravatnet.

Vel oppe på Vikastøylen kan det gjere seg med ein pust i bakken og nyte utsikta litt. Det seiest at det i det eine selet er "ope hus", og du kan gå inn og skrive deg inn i boka som ligg utplassert her. Ovanfor døra er det eit skilt som syner deg kor høgt du er komen på din veg. Frå støylen går du ned att nokre få meter i ei lita elvekryssing, før du så byrjar på stigningane. Når du kjem opp på egga får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet, og går langs egga mot aust vidare opp mot toppen. På toppen er det også bok å setje signaturen din i.

Turen opp til Vikastøylen tek mellom 30-60 minutt. Frå syøylen tek det kring 60-90 minuttar opp.

Rundtur på toppen
GPS-sporet viser deg veg vidare på ein kort rundtur på toppen son vil gi deg litt ekstra oppleving og utsikt. Når du går ned att kan du gå i sørleg retning ned til ei lita hytte som er vakkert plassert. Frå hytta dreiar du mot nord igjen og rundar toppen og attende på stien. Det er fint og trygt å gå her, men for folk med særleg mykje høgdeskrekk kan eit par parti opplevest som litt luftig på denne runda.

Turtips for å forlenge turen
Dersom du ønskjer kan du gå vidare på rygg til både Skafonnfjellet og Høgenipa. Det er også mogeleg å gå ein langtur over til Fossheimsdalen og vidare til toppar i Stardalen, som t.d. Bjørga.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr på RV 5 frå Skei sentrum og ta av opp mot byggefelt etter å ha passert Felleskjøpet. Parkering gamle HV-10 bygget.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.