Lett rusletur til Kalkestasjonen i Uskedalen, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,5 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 56 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start og sluttpunkt: Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Skilt og informasjonstavle ved P-plassen. Nokre T-ar langs skogsvegen.
  • Gradering: Grøn. Lett tur på grusveg. Eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
  • Høgdeskildnad: 80 - 100 moh.

.

TUROMTALE

Ein går over brua og følgjer skogsbilvegen til venstre. Etter vel 1 km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Dette er endepunktet på turen. Ved kalkestasjonen er det sett opp bord der ein kan nyta nista.

GODE RÅD

Dersom ein ønskjer å kombinera turen til kalkestasjonen med ein terrengtur, kan ein følgja sti vidare mot Ulvanosa eller Børsdalen.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:

Adkomst med egen bil

Ta av frå fylkesveg 500 ved brua i Uskedal sentrum, følg skilting mot Musland - ca 4 km oppover dalen til parkeringsplass ved bru på høgre side.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path