Brattlandsåna - nærtur i Hå

Publisert av: Stavanger Turistforening

Brattlandsåna - nærtur i Hå

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    6,0 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Bratlandsåna ligg like nord for Varhaug tettstad. Du parkerar på Varhaug idrettsanlegg som ligg like aust for FV 505. Frå parkeringsplassen går turen gjennom undergangen på Fv. 505 og svingar mot høgre fram til Bratlandsåna. Vidare går turen mellom Varhaug tettstad og Bratlandsåna. Fyrst forbi ei balløkke og så over Fv 152 Ånestadvegen og vidare gjennom undergangen for jernbanelinja.

Like før jernbanelinja er det eit industriområde for bl.a AH bygg A/S, lager for Bohus møbler og Varhaug mølle. Varhaug mølle vart bygd i 1915 av eit aktieselskap som 6 bønder og Eik & Hausken sto bak. Fyrste mølla hadde ei grunnflata på 165 m2 i 2 ½ etasje. Mølla er seinare påbygd fleire gonger. I 1971 overtok Varhaug lutingsslag og Rogaland og Agder Felleskjøp mølla. Siste året mølla tok i mot korn var i 2014, etter 100 års drift.

Frå jernbanelinja går turen vidare vestover og over Fv. 153 Dysjelandsvegen og fram til ei ny balløkke. Fram til denne balløkka har stien lys. Ved balløkka svingar stien ifrå Bratlandsåna og svingar like vest for bustadområdet og sørover til ein traktorveg som går vest mot riksveg 44. Ved ”snuplassen” er det god utsikt vestover. Frå snuplassen kan du gå i gatene for Varhaug og austover til idrettsplassen, eller ein du gå attende langs Bratlandsåna.

Heile stien er grusa og passar godt for barnevogn og rullestol. Dette er ein fin tur langs åna, der ein kan nyta å gå og sjå og høyra vatnet renna. Ein kan og setja seg ned på fleire sitjebenkar og sjå på vassføringa. Bratlandsåna er ein del av Varhaugelva. Nedslagsfeltet er 26,29 km2. I eit normalår renn det 36 mill. m3 vatn frå Varhaugelva og ut i sjøen.

Kjem ein med tog og går av ved Varhaug st. kan du gå nordover på vestsida av jernbanelinja og fram til Bratlandsåna, og så gå til høgre eller venstre langs åna. Går du til venstre, fylgjer ein stien til utsikt mot sjøen. Går du til høgre fylgjer du Bratlandsåna fram til idrettsplassen. Her kan du gå lysløypa rundt idrettsplassen og forbi Varhaug skule ned til FV 505. Gå over FV 505 på fotgjengarovergangen og ned ein asfaltert gang og sykkelveg fram til Ånestadvegen. Fylg Ånestadvegen sørvestover til undergangen på jernbanen og nord Stasjonsvegen til Varhaug st.

Begge turane er godt merka, i begge retningar, med raude T - ar som Jæren turlag har sett opp. Turstiane har lys.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Tog til Varhaug. Bil til P-plass nær togstasjon eller ved Varhaug idrettsanlegg.

Adkomst med offentlig transport

Tog eller buss til Varhaug stasjon.

Stavanger Turistforening