Frå parkeringsplassen, på veg mot Gudmundsos, er det skilta og merka sti til Robba. Stien har jamn, lett stigning som startar i open barskog før den går over i bjørkeskog før ein kjem over skoggrensa. Stien går forbi restane av stølsmurane på Bruåsstølen og følgjer Fossarelva oppover mot Stølsvatnet. Siste etappen går mest på berg og byr på flott utsikt.
Frå Robba har ein utsikt i alle retningar; øvre Lavikdalen i aust, Sognefjorden i sør og store delar av Hyllestad kommune i vest, med Åfjorddalen nærast og Solund og øyane i Askvoll lengst ute.
Berekn ca. 1, 5 time frå parkering ved Gudmundsos til toppen av Robba, og 2,5 - 3 timar tur/retur.
Frå Lavik køyrer du fylkesveg 5653 ca. 7, 5 km før du tek av på fylkesveg 5596 til Strandos. Køyr denne vegen ca. 2,7 km før du svinger av til Sørestrand og Nordstrand. Køyr denne vegen ca. 0,5 km og sving av til Gudmundsos. Følg denne grusvegen ca. 1 km til du kjem til ei stor utkøyring på høgre side av vegen. Her er skilt og merka sti til Robba.