Fra Kvitingen til Høgabu på ski

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende skitur
  • 10,1 km
  • 5 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 806 høydemeter totalt
  • Sesong: Jan - mai

Fjella mellom Samnanger og Bergsdalen byr tronge dalar, mange vatn og vidt utsyn frå fjelltoppar på over 1100 moh. Her kan du nyte lange skiturar i fred og ro, og om du tek ei natt på ei av DNT hyttene kan du starte neste skidag midt i fjellheimen.

Følg fylkesveg 5128 heilt til endes til fjellgarden Kvitingen som ligg knapt 400 moh. Rett nordover frå parkeringa går militærvegen innover Klungerdalen. Denne er nesten samanhengande til Småbrekke, og eit alternativ er å følgje denne til DNH-hytta Gullhorgabu.

Etter dei første flate kilometrane, stig det 200m i èi kneik. Med det same det flatar ut, tek du til venstre og peiler deg inn på høgspentlinja. Denne følgjer du til det vesle vatnet rett sør for Herfangen, før du dreier nordaustover og følgjer Herfangsdalen til topps og vidare inn over vatna mot Høgabu. Her er det slake og romslege nedkøyringar om du tek same vegen heimatt. Vil du ha rundtur kan du gå ned att via Tjørndalen og Hesten.

Terrenget rundt Kvitingen er snørikt og bratt så dette er ikkje området å ferdast i om skredfaren er stor.

Vær og føre endrer seg raskt i vinterfjellet. Sørg for at du er forberedt og har med deg nødvendig utstyr for vinterfjellet. Kart, kompass og annet sikkerhetsutstyr til turen finner du i nettbutikken til DNT og Tursenter i de største byene.

Adkomst med egen bil

Kvitingen, enden av F5128, skilta frå F49 ved Frøland.

Avgiftsparkering (Vipps).

Annonse

on the path