.
Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i fureskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng.
Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover fjorden mot Kvam. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen. Dette gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs.
Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko.Ta omsyn til dyr på beite og hald grindane lukka.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen mot Haukanes 4 km til vegkryss før nedkøyring mot fjorden. Herfrå 0,5 km opp til Øvsthus der det er mogeleg å parkera ved garden. Gjer vel å parkera slik at gardsarbeidet ikkje vert hindra, og at vegen er framkomeleg for traktor. Avtal gjerne med folk på staden.
Se reiseplanleggjaren på skyss.no