.
Første delen av turen går på gamal grusveg til gruvene. Sti vidare til Volavatnet på høgre side ved første gruvesjakt. Gjennom myrlendt terreng med bekkefar ned til eit lite vatn, Kjøhølen.
Følg sti mot venstre til Volavatnet. Dette er ein fin familietur i vakker Varaldsøy-natur. Flotte bademogelegheiter i Volavatnet.
Ta deg tid til å gå litt på oppdagarferd i gruveområdet. Gruvene var den viktigaste arbeidsplassen på Varaldsøy i fleire periodar både på 1800- og 1900-talet. Spor etter svovelkis kan ein sjå igjen i bekkefara.
Her er gamle husmurar, slagghaugar og gruvesjakter. Gruvesjaktene er sikra for publikum. Diverse orientering og skilting på staden.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 9 km til skogsveg på høgre side merkt til Volavatnet og gruvene. Parker langs vegen.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no