Tursti til Botnabrea frå Jukla kraftstasjon, Mauranger, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,5 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 850 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Jukla kraftstasjon. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.  
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plass. Delvis merking av stien.
  • Høgdeskilnad: 760 - 1.100 moh.

TUROMTALE

Frå P-plass følg vegen forbi vegbom og på grusveg 1 km til Botnatjørna. Frå utkjørsla litt forbi demningen, går ein ned på flatene, for så å ta seg over bekkene på nordsida av Botnatjørna. 

Gå langs austsida av Botnatjørna til stien som rundar opp nordaust og inn i Botnane. Her er som eit klasserom for undervisning om korleis breane påverkar landskapet, med avsetjingar og morenerygger, og eit moseteppe som ein sjeldan ser maken til. 

Deretter er det bratt opp mot nord i laus grus og stein til markert skar. Her er ein såkalla ”påkastvarde”, dvs at alle som passerer her legg på ein stein. Frå skaret kjem ein ned i dalen som leiar inn til Botnabrea. 

For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei delvis ulendt oppdagarferd i berga langs sørsida av bretunga. Her er uvanleg mange flotte og varierte is- og bergformasjonar.

GODE RÅD

  • Ved stor vassføring kan bekkene ved Botnatjørna vera vanskelege å passera utan støvlar. Av og til kan bekkene samla seg i eit stort løp inst, då er det ikkje tilrådeleg å kryssa der. Ta heller den flotte turen til Juklavatnet: Turveg til Juklavatnet.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Annonse

on the path