Tursti til Hundsøyra frå Markjelke, Mauranger, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    16,7 km
    8 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Jul - sep
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad ved å bla i bilda øvst på sida.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ved vegdele mot Svartedalen, like før Markjelkevatnet. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Stien er T-merkt med vardar og skilt. Etter snørike vintrar går ruta delvis over store snøfonner som dekker merkinga. Gå i godver og følg vardane som er oppsette på høge punkt.
  • Høgdeskilnad: 740 - 1.464 moh.
  • Tidsbruk: 5 timar opp og 3-4 timar ned.

.

TUROMTALE

NY TRASE: Straks etter passering av Svartedalsbrua skal ein gå beint fram oppover på ryggen på nordvestsida av (utanfor) damområdet. Her kan ein sikta seg inn på ei høgspentmast på haugen framfor seg. Etter to-tre hundre meter svingar ein deretter søraustover inn på den gamle ruta i eit dalsøkk over sørvest-sida av Svartedalsdammen. (Ved arbeid på Svartedalsdammen 2019-2021 vart m.a. overløpet frå demningen lagt om. Difor skal ein no IKKJE ta i austleg retning inn i området under demningen etter passering av Svartedalsbrua. Terrenget under demningen er no sterkt endra, og ev. overløp frå dammen kan medføra fare.) 

Ved Hardingaskaret, over Austrepollen, er ein fin rasteplass. Her bør ein gå eit stykke ned i skaret og sjå utover. Det er mest utruleg at det har vore stølsveg opp gjennom skaret for hest og kyr. Herifrå kunne ein også ta seg over til Sørfjorden gjennom Kvitnadalen. Seinare vart stølsvegen i Hardingaskaret også brukt til turistveg vidare til Hundsøyra, Holmaskjer og ned til Odda. Hardingaskaret var rasutsett, og frå 1860-70-talet overtok ridevegen frå Gjerde om Mysevatnet til Hundsøyra mesteparten av ferdsla. Frå 1890 vart "Keisarstien" (no: Turistvegen over Folgefonna) frå Sunndal den mest brukte.

Hundsøyra ligg i brekanten og er markert med den største varden i området. Her er vidt utsyn i alle retningar. For dei som har erfaring med brekryssing, ligg Holmaskjer og nedgangen til Odda berre ein times tid unna.

GODE RÅD

  • Veret skiftar raskt i høgfjellet ved brea, ta med klede for nedbør og kulde. 
  • Dette er også ein flott skitur i mai/juni.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass med informasjonstavle ved vegdele mot Svartedalen, like før Markjelkevatnet.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Annonse