.
Turen går på gardsveg på sørsida av kyrkja fram til godt merkt og skilta skogsveg/sti opp lia til Ølveshovda. Der er nokre få bratte parti, difor er graderinga sett til BLÅ / middels krevande.
Praktfull utsikt mot Kvinnherad-fjella, Onarheimsfjorden, Stord og Tysnes.
Ta deg tid til å nyta utsikten.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
P-plass ved Ølve kyrkje. Frå Gjermundshamn ferjekai 200 meter til vegkryss. Køyr 12 km mot Ølve/Tysnes til Ølve kyrkje og P-plass.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no