Start- og sluttpunkt: Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.
Parkering: Følg vegskilt "Baroniet" frå kaiområdet i Rosendal til vegskilt "Fossberg" i vegdelet før Baroniet. P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen...
Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. 2,3 km grusveg utan merking,
Høgdeskilnad: 150 – 190 moh.
Tidsbruk: 1,5 timar
TUROMTALE: Følg grusvegen frå P-plassen inn i Folgefonna Nasjonalpark. Oppleving i nærkontakt med elvar, frodige lier og høge fjell. Ein tur for både dei yngste og dei eldste - i fri leik, samtale og meditasjon.
Grusvegen er eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.
Rett etter parkeringsplassen på Fossberg kan ein gå til høgre for å koma bort til Hattebergsfossen. På andre sida av brua der kan ein følgja umerkt sti inn dalen på høgre sida av elva. Ved å bruka denne stien kan ein få seg ein fin rundtur.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
Følg vegskilt "Baroniet" frå kaiområdet i Rosendal til vegskilt "Fossberg" i vegdelet før Baroniet. P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.