Lett tur til Myrdalsvatnet frå Rosendal, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 9,3 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 257 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Start- og sluttpunkt: Kletta.

Parkering: Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Merking: Informasjonstavle ved P-plass. God grusveg utan merking.

Høgdeskilnad: 160 – 374 moh.

TUROMTALE: God grusveg fem kilometer heilt fram til Myrdalsvatnet. Etter fire kilometer passerer ein Midtsetre der det var stølsdrift fram til 1968. 

Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.

GODE RÅD: Hugs fiskestanga. Ikkje nødvendig med fiskekort. Robåtar er for utleige ved Myrdalsvatnet, kontakt Turistkontoret. Vatnet er fiskerikt, og ein dorgetur kan anbefalast. Då bør ein også ta seg tid til å gå i land på den fine stranda i inste enden av vatnet for å oppleva den spesielle villmarksstemninga der. 

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Parkering ved Kletta. Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse