Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for turen med å bla i bilda øvst på sida.
Start- og sluttpunkt: P-plassen der skogsvegen startar.
Parkering: Følg fylkesvegen nordover 2 km frå gamle Løfallstrand ferjekai til P-plass 350 meter innanfor Hellesøy Verft der skogsvegen startar.
Merking: Informasjonstavle ved start. God grusveg utan merking, men nokre skilt er oppsette. Ta til høgre ved vegdele omlag midtveges.
Høgdeskilnad: 30 – 600 moh.
TUROMTALE: Tre km god grusveg med nokre bratte parti. Ta til høgre i vegkryss. Frå vegenden på sti 400 meter inn til Strandasetra. Flott utsikt utover og innover Hardangerfjorden.
GODE RÅD: Raste- og utsiktsplasser undervegs. I litt ulendt terreng kan ein ta seg opp til overgangen mot Melsdalen/Rosendal, der ein kjem inn på T-merkt rutenett. Bruk fantasien for å setja saman interessante turar.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
Følg fylkesvegen nordover 2 km frå gamle Løfallstrand ferjekai til P-plass 350 meter innanfor Hellesøy Verft der skogsvegen startar.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no