.
To gode alternative utmarksvegar frå P-plassen fram til Aterstad.
Den T-merkte stien vidare til Tverrfjell startar ved skilt for steingang over utløpsosen i nordre enden av Aterstadvatnet.
Aterstad er ein vakker plass, ta gjerne ein tur innover langs austsida av Aterstadvatna mot botnen av dalen. Flott utsikt over Omvikdaen frå toppen av Tverrfjell.
Det er myrlendt kring Aterstadvatna, bruk gode sko.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad.
Ta av frå Fv 500 og køyr opp Omvikdalen og inn på gardsveg på austsida av Landa bru. Følg gardsvegen 200 meter frå vegkryss til skilt og informasjonstavle ved P-plassen.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no