Spasertur, rundtur i Uskedalen, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,9 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 53 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og slutt punkt: Ved Gamleskulen / grana i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
  • Merking: Inga merking langs vegen. Skilt der det er nødvendig.
  • Høgdeskilnad: 0 - 50 moh.

.

TUROMTALE

Følg skilting frå båthamna. Lett turveg der ein går forbi badestrand, beitande dyr og gamal, karakteristisk busetnad. 

Frå Dønhaug har du stor og vid utsikt over bygda, Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. Ein tur for å bli kjend med Uskedalsbygda og naturen rundt.

 Det er bratt for rullestol og barnevogn opp frå Kjærlandsvegen til Dønhaug. Alternativt vegval her er å ta av til Dønhaug gardsbarnehage og bruka vegen som går på oppsida av gardsløa. 

GODE RÅD

  • Alternativ tilkomst til turvegen kan vera ved bensinstasjonen, campingplassen, Sparbutikken eller Uskedal skule.
  • Ver forsiktig ved kryssing av fylkesvegen
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ved Gamleskulen i sentrum i Uskedalen. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path