.
Turen startar frå busslomma på Fv 500 ca. 150 meter nord for bensinstasjonen, mot Rosendal. Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug.
Frå Storhaug og inn mot Mannsvatnet kan ein sjå dei karakteristiske moreneryggene.
Ta av frå stien til Mannsvatnet ved skilt til Solfjell. Bratt stigning siste del av turen. Frå toppen er det vakkert utsyn i alle retningar.
Solfjell er namnet på fjellområdet, toppane heiter Råkjo og Barmasåta.
Som vist på GPS-sporet kan returen gå austleg ned til Mannssvatnet og vidare på søraustsida av dette til ein møter stien der ein kom opp.
Lite drikkemoglegheiter ovanfor Mannsvatnet, ta med vatn.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
Rett ved Fv 500 i Uskedalen sentrum.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.