.
Frå kyrkja går ein på gang- og sykkelvegen nordover til busstopp Eikelandsberget / Solfeng. Der skal ein kryssa hovudvegen og følgja grusvegen / Postvegen oppover mot Teigadalen. I Teigadalen tek ein av til venstre frå Postvegen 75 meter etter lita bru som går til pistolskytebanen.
Første del av stien har ein del blaute parti. Siste del av stien mot toppen går på berg, litt bratt.
Frå Vikefjell er det flott utsikt i alle retningar, frå hav til fjell. Få stader kjem ein så lettvint til storfelt utsyn mot deler av Sunnhordland, og over Valen med grannebygdene.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
Valen kyrkje ligg kloss ved Fv 500 på Valen.
Sjekk Skyss sin ruteplanleggjar ...
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding