Rundtur til Brakhaug og Ørnnipen frå Herøysund, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,7 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 422 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ved Grendahuset i Bringedalsbygda, Bringedalsvegen 144.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 50 – 330 moh.

.

TUROMTALE

Følg skogsvegen opp frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved skogsvegskilje. Ta til venstre ved skilt mot Brakhaug og følg skogsvegen 3-400 m til ei bru. Like etter brua svingar stien til Brakhaug opp til høgre frå skogsvegen. På Brakhaug er det bord og benker, utsikt over bygda og Onarheimsfjorden. 

Stien vidare til Ørnnipen går over på skogsveg som ein følgjer 500 meter fram til stien som fører litt ned og deretter opp på Ørnnipen. Her er også bord og benker, utsikt mot Rosendal, Tysnes og Stordfjella. 

Stien går etter kvart ned ein bratt skogsveg. Ta til høgre 30 meter før bekk, over eit gjerde, og ned til bygdevegen.

GODE RÅD

  • Som alternativ retur frå Ørnnipen kan ein gå ruta som kjem ned i Bringedalsbygda 500 meter nord for parkeringsplassen ved Grendahuset. 
  • OBS: Ein kan treffa på storfe på ei kort strekkje mellom Brakhaug og Ørnnipen, vis omsyn. 
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ta av frå Fv 500 i Herøysund, nord eller sør, og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda, Bringedalsvegen 144.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path