Tursti til Fenafjell frå Podlen, Sunde, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,0 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 338 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Folgefonna Nsajonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ved "Podlen", rundkøyringa før inngang til Halsnøytunnelen.
  • Merking: Raudmåla merke og skilt.
  • Høgdeskilnad: 10 - 160 moh.

.

TUROMTALE

Følg vegen frå P-plassen 50 meter opp mot venstre (vest), der stien går inn i skogen. Første delen går i flatt lende, delvis på tilgrodd skogsveg fram til stidele med skiltsøyle. Litt bratt opp til Fenafjell med uventa vidt og fint utsyn over Sunde og store deler av Sunnhordlandsbassenget. 

GODE RÅD

  • Frå Fenafjell kan ein gå vidare til Kaldestadåsen. Stien frå skiltsøyla direkte til Kaldestadåsen er delvis bratt, før flatare lende innover til turhytta på toppen med utsyn over Husnes og Husnesfjella. Tidsbruk ved dette valet: 2 timar t/r. Sjå turomtalen: Tursti til Kaldestadåsen frå Podlen
  • Ved hjelp av kart og fantasi er det mogeleg å leggja opp interessante rundturar i Kaldestadåsen, med alternative opp- og nedgangar.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Parkering ved rundkøyringa før inngang til Halsnøytunnelen, ”Podlen”.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path