Tursti til Bremstølsvatnet frå Husnes, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,6 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 535 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 50 – 460 moh.

.

TUROMTALE

Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og følg merkt sti gjennom skogsområde til Bremstølsvatnet. Stien oppover har uvanleg god kvalitet etter mykje dugnadsarbeid utført av Gunnar Helland gjennom fleire år.

Bremstølsvatnet er ein fin idyll med god utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord.

GODE RÅD

  • OBS: Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn.
  • Frå Bremstølsvatnet kan ein følgja stiar vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Tursti til Svartavatnet frå Husnes
  • For returen nedover kan ein følgja sti på nordsida av Hellandselva. Nede på bilvegen er det berre få hundre meter til turstart ved vassverket.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ved Husnes Vassverk tett ved Fv 500, 350 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse