Tursti til Ulvanosa / Høgetinden frå Utåker, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 18,7 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 2716 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ved "Ternebu" i Tveitedalen skisenter. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien etter skogsvegen/lysløypa er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 200 – 1.248 moh.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ver nøye med å følgja lysrekka ved kryssande skogsvegar. Følg merkinga oppover under kraftlina og hald til venstre opp bakken. Frå enden av traktorvegen følgjer ein stien langs ryggen til stølshuset på Dyrrindo. Denne hytta er no restaurert og open for alle, og er ein høveleg stad for ein kvil før neste etappe.

Ta til høgre opp bak hytta og følg T-merkinga. Ved vegdelet, ca. 800 moh, kan ein velja direkteruta mot toppen (sporadisk merkt med små steinvardar) eller den T-merkte ruta om Øktaredalsnuten med utsikt ned i Matersfjorden.

Frå toppen er det storslått utsyn til Etne- og Kvinnheradfjella, Folgefonna, Hardangerfjorden og fjellområda mot Bergen. Dei bratte fjellsidene ned mot Uskedalen er eit attraktivt klatreområde med ruter av alle vanskegrader, i solid granitt.

Heilårstur - ein vårtur på ski frå Tveitedalen til Ulvanosa kan anbefalast.

GODE RÅD

  • Mykje gange på grov stein krev gode sko. 
  • I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden, skal ein vera varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. 
  • Alternative returar: Frå Høgetinden kan ein følgja merkt rute ned til Uskedalen direkte, eller over Geitadalstinden. Sjå eigen turomtale: Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkøyring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Adkomst med kollektivtransport

Ingen...

Annonse