Tursti til Åkrastølen fra nedre P-plass, Åkra, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,4 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 575 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - nov
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Skogsbilveg i Åkra. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida ...
  • Merking: Informasjonstavle ved nedre P-plass. Inga merking. 
  • Høgdeskilnad frå nedre P-plass: 85 - 625 moh.

.

TUROMTALE

Frå nedre P-plass følger ein skogsbilvegen i 3 km inn i Åkradalen til neste P-plass (øvre). Derfrå følgjer ein tydeleg sti langs elva innover Åkradalen. 

Inne i dalen passerer ein Urene, der stien slyngjer seg mellom kampesteinar. Inst i dalen er ei lita trebru over elva, før Stølsbrekko. Oppe på kanten ligg Åkrastølen med tre stølshus. 

Dette er ein enkel familietur i eit vakkert dalføre med bekker og elvar, store steinar og den opne stølsvollen.

Rullestol: Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Stien har ei stigning på 370 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Fordel med kraftig elektrisk ute-rullestol.

GODE RÅD

  • Hugs bompengar viss du vil køyra til øvre parkeringsplass. Lat att grindane. 
  • Frå stølen kan ein gå opp på høgdene i nord med utsyn til Nautavatnet og Ingahogg. 
  • Turen til Åkrastølen er og ein fin skitur.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ta til venstre rett etter Åkra bru. Køyr 500 meter til P-plass (nedre) ved starten på skogsbilvegen. Mot bompengar kan ein køyra den om lag 3 km lange skogsbilvegen inn i Åkradalen til 450 moh. P-plass (øvre) ved vegenden. Skilt til Åkrastølen.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse