Tursti til Landåsen på Halsnøy, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,8 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 233 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos butikken "Buketten" på Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start-og sluttpunkt: Tømmerplass på sørsida av Landåsen. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Stein er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 50 - 209 moh.

.

TUROMTALE

Frå parkeringsplassen går ein på skogsveg opp lia. Ta til høgre i det første skogsvegkrysset og til høgre i det andre høgare oppe. Det er god sti siste hundre meter frå skogsvegen opp til toppen.

Returen kan ein ta same vegen, men også som rundtur på merkt løype til høgre mot søndre Landåsen som er 10 meter lågare. Derfrå går ein på merkt sti ned mot beitet Ikornemyra øvst i Rudledalen og vidare på skogsveg til møtes med vegen ein gjekk opp (første vegkryss). Herfrå er det eit par hundre meter ned til P-plass.

Dette er ein lett og fin trimtur, løypa kan gjerne gåast motsett veg.

Jettegrytene på det eine bildet er ikkje på sjølve åsen. Dei finn ein ca. 30 meter vest for svingen før Fjellandsvatnet, nær elva.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

 

Adkomst med egen bil

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sydnes. Følg denne vegen 1 km til turskilt mot venstre. Parkering på tømmerplassen der, men parker slik at du ikkje hindrar oppkøyringa til åsen.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse

on the path