Rundtur til Toftåsen på Halsnøy, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,7 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 126 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass/tømmeropplagsplass søraust for Toftåsen. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Stien er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 65 - 195 moh.

.

TUROMTALE

Gå 200 meter attende frå P-plassen på vegen du kom, og ta inn på vegen til høgre. Følg denne vegen 500 meter til god sti oppover. 

Før sjølve toppen er det no laga ein fin plass, "Åsatinget". Der er det gapahuk, grillhytte, zip-line og ymse apparat for den yngre garde. 

Heimturen går over toppen der ein frå speidartårnet kan nyta utsikten. Nedfart vidare på sti mot aust og skogsveg ned til parkeringsplassen.

GODE RÅD

I området er det mange merkte turstiar, kart ser du på oppslagstavla. Så her kan ein finna andre fine turalternativ også.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sæbøvik. Etter 40 meter ta av på veg opp mot høgre, rett etter opphøgt fotgjengarfelt. Vidare på bein veg mot Toftåsen, ikkje sving til høgre. Følg skilting til parkering ved tømmeropplagsplass.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på ut.no.

Annonse