.
Gå oppover frå hovudvegen og følg skilting mot Radiohola. Hugs å stenge grinda dersom den er lukka når du skal passere. Ta til venstre under kraftlina 200 meter før Radiohola. Lenger oppe skal ein ta til venstre i stidelet som går mot Jamburfjell og følgja den merkte stien sørover til Ravnakulten.
Frå Ravnakulten går det også merkt sti vidare sørover til Mjelkevik. Derfrå kan ein følgja bilvegen tilbake til bilen, då blir det ein fin rundtur.
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta deretter av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Stans om lag 425 meter etter oppkøyringa til tidlegare Hauge skule der det er ei avkøyrsle til høgre der det står skilt til Radiohola.
Vegen opp frå hovudvegen er privat, så finn deg ein parkeringsplass ved avkøyrsla.
Sjekk reiseplanleggjaren på Skyss.no
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding