Tursti til Ravnakulten på Halsnøy, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,2 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 280 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 20 - 291 moh.

.

TUROMTALE

Gå oppover frå hovudvegen og følg skilting mot Radiohola. Hugs å stenge grinda dersom den er lukka når du skal passere. Ta til venstre under kraftlina 200 meter før Radiohola. Lenger oppe skal ein ta til venstre i stidelet som går mot Jamburfjell og følgja den merkte stien sørover til Ravnakulten.

Frå Ravnakulten går det også merkt sti vidare sørover til Mjelkevik. Derfrå kan ein følgja bilvegen tilbake til bilen, då blir det ein fin rundtur.

GODE RÅD

  • Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Ravnakulten gå tilbake 500 meter til stidelet, og så 500 m vidare derfrå til Jamburfjell. Sjå omtale: Tursti til Jamburfjell. Ned til til P-plassen kan ein gå via Radiohola eller Hauge. Dersom ein vel retur via Jamburfjell, brukar ein totalt ca 3 timar på heile turen.
  • Ein del blaute parti, bruk eigna sko.
  • Fleire kulturminne undervegs, gje deg god tid.
  • I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
  • Turforslag på merkte stiar i Kvinnherad
  • Turmål i Kvinnherad

Adkomst med egen bil

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta deretter av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Stans om lag 425 meter etter oppkøyringa til tidlegare Hauge skule der det er ei avkøyrsle til høgre der det står skilt til Radiohola.
Vegen opp frå hovudvegen er privat, så finn deg ein parkeringsplass ved avkøyrsla.


Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på Skyss.no

Annonse

on the path