.
Frå P-plassen: Gå langs hovudvegen sørover om lag 200 meter. Ta opp til høgre i første vegkryss og følg gardsvegen til om lag 100 meter før endepunktet på Skato. Herfrå på sti opp til venstre over skrånande grasbakke.
På vegen kan ein ta innom Skatehatt, den markerte og nakne kulten ein ser til høgre for Skato. OBS: Kulten har eit høgt og farleg stup mot aust, pass på borna!
På den flate toppen av Svartaberg er det reist ein liten paviljong med benker og bord. Der kan ein nyta både nista og den flotte utsikten medan borna leikar på berget.
Ta gjerne turen bortom utsiktspunktet Langheller som ligg 15 meter til venstre når det byrjar å flata ut mot toppen. Helleren har tent som ly og overnattingsplass for dyr (og menneske?) opp gjennom tidene.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. P-plass 100 meter forbi krysset som fører bort til industriområdet, tett ved høgre side av hovudvegen.
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.