Fottur til Eggenipa - rundtur

Legg til huskeliste
Annonse

Eggenipa, eit av dei mest fotograferte fjelltoppane i Norge?

Den kjende og særprega toppen i Gloppen er absolutt verdt eit besøk, og det er ein fin rundtur.

Køyrer du sørover E39 frå Byrkjelo får du ganske snart den markerte og spektakulære egga ragande over deg på venstre side av vegen ved inngangen til Våtedalen. Det fristar nok mange å kome seg til topps på det 1338 meter høge fjellet, og det er ikkje umogleg.

Det er ny tilrettelagd sti frå parkeringsplassen på Bjønnaspøtet. Går du herifrå vil du få den beste opplevinga med fin utsikt heile turen til topps. Stien er skilta og startar med grusveg frå parkeringsplassen, vidare over brua der stien vil gå over til variert tilrettelagd sti med stein, grus og treklopper.

Du kan også velge å gå turen frå parkeringsplassen i Øvredalen ved Eggjestøylen. Turen startar med å gå over brua og eit flatt myrlendt parti, før ruta går opp fjellsida som kan vere våt og sleip, og ein del skog.

Begge stiane møtast på Eggeheia på ca 800 moh.

Oppe mot toppen er det klyving, nokre stadar ein kjetting å holde seg i. På turen kan det vere utfordringar for dei som er høgderedde, men det varierar frå person til person, så det er vanskeleg å uttale seg om.

På toppen er det imponerande utsikt både til Breim og Bergheimsvatnet og mot Jølster.

Turen opp på toppen tar ca 2,5 timar, rundturen 6-7 timar.

Rundturen forset sørover i lett og småkupert terreng. Det er svært viktig å gå heilt til enden av dalen før ein rundar ned mot Gåsemyrstøylen. Ver merksam på at ned skaret er stien lagd om mot vestsida. (Det er merka med raud pil der du går av den gamle stien) Ny bru er sett opp i dalbotn ved Gåsemyrstøylen og denne vil stå permanent heile året. (Den gamle brua er tatt vekk)

Avslutninga frå Gåsemyrstøylen er ca 3 km på "flat" og god sti, der ein passerer Øvredalsvatnet og Eggjestøylen før ein er tilbake på parkeringsplassen.

NB! det er viktig at snøen er vekk på egga før ein går toppturen.

Nibberåsa har eit pågåande prosjekt for å utbetre stien, så her skjer endringar, sjå: - Prosjekt Nibberåsa — Eggenipa

Der er vegavgift som må betalast innan 48t, viss du skal unngå fakturagebyr.



Adkomst med egen bil

Ta av frå E39 på Egge, der er turskilt i krysset. NB! der er fleire parkeringsplassar og fleire stadar å starte turen.

Adkomst med kollektivtransport

Buss mellom Byrkjelo og Skei

Annonse