Gå langs eit av dei best bevarte stykkene av gamlevegen i Jostedal. Gamlevegen er godt synleg med murane sine, noko som gir turen eit historisk sus. Vegen er lettgått gjennom skog og kulturlandskap.
Parker ved Jostedal kyrkje. Følg skilting opp mot ein grusveg på oversida av hovudvegen. Frå det gamle skulehuset følgjer turen gamlevegen sørover dalen, over Styggegjølet. Vegen er litt kupert med brei og tydeleg skogsveg. På vegen ligg Olavskjelda, og når ein kjem til Nederlid kan ein fortsete nedover grusvegen til ein kjem til Sperle.
Høgdeskilnad: 70m
Køyr inn Jostedalen, parker ved Jostedal kyrkje