Rundtur til Ingahogg frå Fjellhaugen Skisenter, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,5 km
  • 4 t
  • Rundtur
  • 697 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Fjellhaugen Skisenter nedre P-plass.
  • Merking: Stien til toppen er merkt frå øvre enden av skitrekket. 
  • Høgdeskilnad: 465 - 965 moh.

.

TUROMTALE

Frå parkeringsplassen følgjer ein vegen oppover til skitrekket der ein går ut i terrenget. Frå toppen av skitrekket kjem ein inn på merkt sti som ein skal følgja til toppen av Ingahogg. Deler av denne stien er litt bratt.

Frå toppen av Ingahogg er det svært fin utsikt 360 grader rundt...😊

Ein kan gå same stien ned att. Men vårt forslag er å gå sørover til Nautavassdalen og følgja denne ned til Nautavatnet og gå nordover langs vatnet til utosen der dagsturhytta Fagnabu ligg. Men denne delen av turen er ikkje merka.
Frå Fagnabu går ein på sti nedover Fagnabotnen til utgangspunktet. Dette blir dermed ein fin rundtur.

GODE RÅD

Litt nedanfor toppen i nordaustleg retning kan ein sjå restar etter eit klebersteinsbrot. Dette er truleg bakgrunn for namnet på toppen, det vart hogge ut stein. Herfrå skal det vera teke ut stein som vart brukt i kyrkja i Åkra. 

Framleddet Inga- finst i fleire andre namn: Ingavatnet, Ingatuftene, Ingavegene og Ingakvilet. Kvinnenamnet Inga finst i segner om ei gyger (trollkjerring) som mellom anna skal ha stoppa Blåelva frå å renna ned i Åkra, men det er mykje som tyder på at Inga er ei særmerkt kvinne som verkeleg har levd i Åkra-området, kanskje på Ingatuftene. Det vert fortalt at ho bar ein kleberstein i beltet sitt, nokre seier, i fletta si.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad 

Adkomst med egen bil

Ta av frå Fv 500 ved bensinstasjonen i Omvikdalen og følg skilting til Fjellhaugen Skisenter.

Annonse