Topptur til Mælen

Legg til huskeliste
Annonse

Oppover denne flotte turen kan du sette deg 4 delmål, Stølen Orrasete, Hedlesetnipa, Stølen Dalsbotnet, også Mælen! 

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Ein familievennleg tur, er stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen.Har du kome deg til Dalsbotnen, kan det vere like gjerne å ta seg ein halv time til og gå opp på Mælen på nesten 1000 moh. 

Framme på kanten kan du nyte utsikta ned på Supham og vegen ut til Hella samt over fjorden til Borlaug, Feios, Vangsnes, Vik, Balestrand og Hella. Opp frå Hella ser du Eitorn, Rud, stølane Skarde og Daurmålhaug. Nedanfor Mælen kan du skimte stølen Skopasete og retninga stien ut til Eitorn tek. I nordvestleg retning, over dalen der Kvinna renn og over Daurmålhaug, vil du sjå mot Storholten, Vassvarden og oppstiginga til Trodalseggi. I nordleg retning tronar fjellet Hest majestisk og kallar på deg. Neste gong du startar frå Engjasete er du klar for den turen.

Turen til Mælen er godt merka frå Englasete

Beskrivelse og bileter er henta frå heimesida til Arild Bjørk: https://bjrk.no/2009/08/15/tur-m%c3%a6len/

Adkomst med egen bil

Parkering 60 m etter siste sving opp mot Engjasete. Unngå parkering i svingen. 

Annonse