Fottur frå sentrum til Kjørrdalsselet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,2 km
  • 3 t, 20 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 518 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov

Tur til Sogndal Turlag sin nye turlagshytte Kjørrdalsselet.

Kjørrdalsselet er et gamalt sel som Sogndal Turlag med stor dugnadsinnsats restaurerte i 2023. Hytta sto åpen i mai 2024 og har sida vore mykje brukt. Det er to sengeplassar på hytta med plass til to vaksne eller ei lita familie. Hytta er innreda med bord og stolar og eit lite kjøkken. Så her har du alt du trenger til ein koselig dag fjellet.

Du kan gå til Kjørrdalsselet frå Sogndal sentrum, noe som gjør hytta opplagt til små og store kvardagseventyr.

Frå Sogndal Sentrum må du følge skilta rute frå sentrumsparken. Ruta går via Røvhaugane opp til Åberge. Følg stien mot Bjellastølen ca. 1,5 km frå Åberge. Frå Åberge gå om lag 500m oppover vegen mot Hølsete, ta av på sti på venstre side der det er skilta mot Bjellastølen. For det meste god sti som er merka med raude prikkar på tre og gjerdestolpar. Stigning i starten, stien flatar ut etter kvart.

Adkomst med egen bil

Gå frå Sogndal sentrum (NB: Det er ikkje lov å parkere på privat eigendom på Åberge).

Annonse

on the path