Kort vandring til ein mektig foss!
Dette er ein kort og lett tur til foten av mektige Stalheimsfossen. Stien startar ved ei informasjonstavle ved botnen av Stalheimskleiva og går innover på venstre side av elva. Stien er brei og lett å gå, godt tilrettelagt for både rullestol og barnevogn. Det er fleire rastestader undervegs.
Nærleiken til elva gjer det til ei stor naturoppleving å gå her. Ein går gjennom mykje skog innover det vetle "juvet" heilt til det opnar seg opp ca 200 m frå fossen. Terrenget stig svakt inn til utsiktspunktet ved fossen. Her kjem ein tilslutt fram til utsiktspunkt det ein kan nyte fossen på trygg avstand.
Fossen har ei total fallhøgd på 126 meter og er med det den 95. høgaste fossen i Noreg.Vassføringa varierer mykje, avhengig av årstid og vèrtilhøve. Når fossen er stor driv fosserøyken langt nedover stien.
Dette er også ein tur med historisk sus. Før Stalheimskleiva vart bygd i perioden 1844-1849 var "kongevegen" inn langs Stalheimselva ferdslevegen til Stalheim. Vegen vart sett i stand i 2002/2004.
God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her.
Sporlaus ferdsel
Køyr E16 mot Gudvangen. Ta av til høgre etter dei to tunnellane like etter Stalheim. Her er det parkeringsplass for ein handfull bilar.
Du kan også gå ned Stalheimskleiva frå Stalheim hotell (ca 45 min)