Flott tur på god sti med jevnt bratt stigning. Flott utsyn mot fjorden, Mundal og Jostedalsbreen.
Starten på turen er på Fjærland skule. Gå ca. 1 kilometer langs vegen sørover mot Jordal. Her er ei turtavle som skildrar turen. Ta av vegen og turen følgjer merkt sti oppover mot Homrastølen. Vidare går stien opp til Nesahaugen og turmålet på toppen på 665moh. Turen har bratt stigning, men god og tydeleg sti.
Adkomst og parkering
Parkering på Fjærland skule. Herfra er det 10 min. gange på vegen sørover mot Jordal til stistart. Alternativt går det an å parkere der stien tek av frå vegen. Men det er lite parkeringsplassar der. Ta omsyn slik at du ikkje parkerer inne bilar, traktorar, redskap, dører, porter osv.
Historie
Fjellstøl for garden Homrane. Til saman var der om lag 10 mjølkekyr og ein del geiter i periodar. Dei var på stølen frå Olsok til månadsskiftet august – september. Før dei kom på fjellstølen, hadde dei vore på heimestølen med dyra. Der var dei også når dei kom heim frå fjellstølen. Stølen i Homradalen er svært gamal. Der er restar etter stølsmurar fleire stadar. I dag er det teke vare på eit stølshus. Stølen i Homradalen var i bruk fram til midten av 1950-talet. Dei kinna smør og ysta gammalost. Varene blei frakta heim med hest (kløvja) eller på ryggen. Smøret og gammalosten blei levert til handelsmannen i bygda som selde det vidare til Bergen. Seinare blei det skipa meieri i Fjærland som tok imot osten og smøret. Dei siste åra det var stølsdrift leverte dei varene direkte til meieriet i Vik. Budeiene måtte heim for å vere med i onna dei dagane dei ikkje kinna og ysta. Det var hardt arbeid, likevel hadde dei overskot til å setje seg ned med handarbeid innimellom. På andre sida av elva ligg Hatlestadsstølen. Når elva var lageleg kunne budeiene treffast.
Turforslaget er publisert i samarbeid med Fjærland Idrettslag.
Parkering på Fjærland skule. Herfra er det 10 min. gange på vegen sørover mot Jordal til stistart. Alternativt går det an å parkere der stien tek av frå vegen. Men det er lite parkeringsplassar der. Ta omsyn slik at du ikkje parkerer inne bilar, traktorar, redskap, dører, porter osv.