Fotturen til og frå Briksdallsbreen kan gjerast på ein og ein halv time. Alle typar sykkel er forbode. Det er fleire vegar og stiar som fører inn til Briksdalsbreen. Kortaste ruta frå Briksdalsbre Fjellstove (160 moh) og inn til brevatnet (350 moh) er 2,6 km.
Med start frå fjellstova kjem ein etter 15 minuttar til den kraftfulle Kleivafossen. Rett før fossen får ein eit val om å ta den nyleg restaurerte snarvegen, Keiser Wilhelms sti, opp langs nordsida av fossen. Vel ein å fylgje vegen over brua under fossen, kan ein ta ein trappeveg hundre høgdemeter opp langs fossen for å komme opp på platået som fører inn til breen. I trappa passerer ein ei stor jettegryte som kan væra av interesse for nokon.
Inne på platået kjem eit nytt vegval. Begge vegane fører inn til brevatnet (350 moh). Systemet med to vegar gjer det mogeleg å skilje turiststraumen og å lage turen til ei rundløype på til saman 6 km. Sett av minst to timar inne i den flotte naturen. Midt i rundløypa (ved transportvegen) finn ein den idylliske setervollen, Rastebu, som inviterer til ei avslappande pause medan du ser rett inn til Briksdalsbreen.
Oldedalen Skyss har tilbod til dei som ikkje kan, eller vil, bruke føtene inn mot breen. Dei såkalla Troll-bilane er opne og har løyve til å køyre nesten inn til nasjonalpark-grensa (2 km). Det er god skilting i heile Briksdalen, og det går klart fram kva som gjeld dersom du skal fram med barnevogn eller rullestol; eller du vil unngå trafikken med Trollbilar .
Turistattraksjonen Briksdalsbreen har ei historie tilbake til slutten av 1880-talet då den tyske keisar Wilhelm II gjorde turen inn til Oldedalen og breane kjend, og tyske turistar følgde i kjølvatnet. Stien som tok keisaren inn til breen vart bygd i eit samarbeid mellom eigaren av Briksdal gard og bønder i Oldedalen. Etter kvart vart dette tiltaket utvikla til eit samarbeid om å byggje bru under Kleivafossen, Då vegen sto ferdig i 1928 fekk bøndene, som hadde tatt del i arbeidet, eigarskap til vegen gjennom skiping av Oldedalen Skysslag. Turiststraumen som følgde på har gjort sitt til at Briksdal gard har utvikla seg frå å være eit gardsbruk til ein moderne turiststasjon, og bøndene har ei attåtnæring gjennom skysslaget. Fram til 2004 køyrde bøndene turistane med hest og kjerre inn nesten inn til brevatnet - til nasjonalpark-grensa. Etter den tid er trafikken motorisert. Troll-bilane køyrer på biofuel, såkalt VHO som er eit 100% fornybart drivstoff .
Briksdalen med vegar og stiar er altså utvikla og drifta privat. Det meir enn 140 år gamle tiltaket har i alle år hatt som mål å gje fotturistar ei trygg naturoppleving. Det er lagt ned mykje innsats og mange kroner i å sikre vegar og stiar for dei besøkande, og for at dei gratis kan vandre rundt i den flotte naturen. Alle gåande er velkomne, men dei skal hugse at det er inntektene frå den kommersielle drifta av tiltaka som held drifta i gang.
Det kan være freistande å ta med seg syklar av alle slag inn mot Briksdalsbreen. Men ukontrollert trafikk på hjul let seg diverre ikkje foreine med dei mange gåande som ferdast på dei smale vegane og stiane inne inn over mot breen. Statens vegvesen har satt som vilkår for persontransporten som Oldedalen Skysslag driv, at det ikkje må være annan hjulgåande trafikk i køyrevegen. Derfor har eigarane satt ei grense etter at du går frå parkeringsplassen for bussane.
Det er er berre lov å køyre med barnevogner, rullestolar og Troll-bilar på vegsystemet aust for Briksdalsbre Fjellstove.
Eigen bil på fylkesveg 5724 frå Olden til Briksdal, 22 km. Parkeringavgift.
https://www.briksdal.no/transport
I sommarsesongen (1.juni - 31.augst) kan du ta Brebussen (rute 751) t/r Stryn - Briksdalen via Olden . Ein time kvar veg. https://www.briksdal.no/transport
Sjå ogå kringom.no