Senddalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 9,7 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 840 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Stien føl det gamle råket til Sendalen, og går gjennom beitemark så hugs lat att grinder! Flott kulturlandskap dei fyrste km! God sti, godt merka, mange lokale navneskilt. Eit par bratte, men korte stigningar, elles stig terrenget jamnt opp til stølen. Ver varsam ved kryssing av ras og svaberg, då terrenget er bratt. Hugs å legge ein kvist, lyng eller blome på steinen ved Kaststein, for å få en god tur!

På grunn av isforhold, tilrår vi ikkje å gå lenger enn til Kalveskreda om vinteren!

Dersom du går rett fram der du kan krysse elva Senda, kjem du til dei gamle stølstuftene Øystølen, Øystølen i Senddalen | Kart. Her er eit sjekkutpunkt du kan få med deg på turen.

Frå stølen kan en halde fram opp fjellsida til Bøahytta (1280 moh) og eventuelt til Store Hånosi (1836 moh), eller over til Bøastølen. GPS-sporet er lagt frå stølen og nedover.

Adkomst med egen bil

Turen tek til ca 300 m ØST for gamle Ljøsne skule, etter FV 5630, sjå etter skilt SENDALEN 4,0 KM.

Adkomst med kollektivtransport

Næraste busstopp er etter E16 på Ljøsne.

Annonse

on the path