Kan det bli betre!? Vi startar ved eit bustadfelt i Ofta like ved Lærdal Sjukehus, går etter ein flott sti i ei bratt li, får fyrste utsiktspunktet på ei grøn slette, Øvre Vangen, videre vert det meire stein, men fint å gå. Går forbi stader som har fått navn etter historia fra fast busetting i Oftedalen, til dømes «likhella» og «froststova».
Få kvile på ein benk, utsikt fra Løberghaugen mot den frodige Ljøsnebygdi. Vidare opp bratte og ville Oftedalen, stien flatar ut før stidelet, frodig fjellbjørkeskog og snillare terreng eit stykke før vi går gjennom eit stølstun. Krattskog og bratt opp før me er over tregrensa og kan sjå ned på stølsgrenda Oftedalen der det var fast busetjing på 1800-talet.
Stien flatar ut mot eit nytt utsiktspunkt på Hundersnosi, kor me har flott utsikt mot Lærdalsøyri. Så opp siste ryggen mot turmålet Torsstein 1170 moh, kor me har panoramautsikt over fjella i Indre Sogn.
Det kan nemnast at Torsstein kom på 9. plass i nasjonal kåring om finaste turmål i landet. Det er ikkje langt opp på Torsgjelsfjellet (1313 moh) om ein vil dit og. Mi meining er at på denne turen opplever me alt fra lågland til snaufjell, unnateke fjellklatring.
Parker ved busdadfeltet Ofta, like ved Lærdal Sjukehus