Hodnaberg - Roset - Gjelle (Vossamarsjen)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 19,8 km
  • 7 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 839 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

Dette er ein flott dagstur over Gråsida, eit høgfjellsplatå omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Langs vegen passerer du hyttene Torfinnsheim og Rosethytta. Du kan også ta ein svipptur innom Nansenbu.

Turmarsjen går på den 20 km lange stien over Gråsida, eit høgfjellsplatå 1000 – 1350 moh. Den mest kjende turistattrasjonen på turen er Timeglaset, ei stor steinblokk som balanserer på ein hjørnespiss. Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timeglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle. 

Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake til Voss.

Kvart haust arrangerer Voss Utferdslag Vossamarsjen. Turmarsjen er utan tidtaking og ein kan konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre  nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde. 

Adkomst med egen bil

Parkering ved Hodnaberg.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse

on the path