Ligg på Våge, eit stykke nord om den gamle hovudveien. Parker ved parkeringsplassen på Våge skule. Gå på Vornesveien ca. 750 m (forbi ein trafokiosk på venstre hand i høgre sving), til du får ei raud løe på høgre handa. På motsatt sida får du opp ei merka turløype (gå langs med gjerdet på bakken) opp mot Hovda. Gå på merka sti mot Hovda. Her er det berre å orientera seg fram mot toppen. Frå toppen gå på merka sti mot vest nokre hundremeter og ta på merka sti mot Vardane (Lyklingefjella). Ta attende på samme stien til stikryss og fortsette nedover til høgre. Ta til venstre i første stikryss og tilbake til Våge på sørsida av Hovda via trafokiosken og attende til parkeringsplassen.