Ulvik - Mjølfjell - Kårdal fjellstove

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 26,2 km
  • 9 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 690 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Turen tek deg frå Ulvik inst i Hardangerfjorden, opp i høgfjellet i storslått natur og til Kårdal fjellstove.

Dette er ein lang dagstur, eller ein todagarstur. Du startar i Ulvik og følgjer vegen til Sotenos. Her startar T-merkt sti. Følg skilting og T-merkt sti mot Mjølfjell. Gå innover Tyssedalen, forbi Tyssedalsstølen. God sti opp mot Fallet, forbi Badnatjørni. Her ser ein flotte jettegryter på andre sida. Gå bratt ned Jerikoen, langs Vesetvatnet, forbi BT-hytten, langs Rundavatnet og ned til Urdlandsstølen. Gå over hengebrua til ein kjem til Raundalsvegen. Gå austover til Kårdal fjellstove.  

Adkomst med egen bil

Køyr til Ulvik.

Annonse

on the path