Det er skilta til Inngardstølen. I starten er det stigning, men lett terreng å gå i. Ved Inngardsvatnet er det skilt mot Svadfjellet og vidare merka med gulmaling. Ca. 3 timar hit.
Vidare er vegen merka med vardar, følg desse. Nedanfor Svadfjellet er det merka på berg mot Portevarden. Der er det og merka mot Kringla. Kupert terreng. Følg vardane vidare til eit berg der det står skrive Portevarden med gulmaling og pil til neste varde. Ca. 2 timar mellom Svadfjellet og Portevarden.
Frå Portevarden føl ein merking mot Fossedalsstølen. Ca. 1 time gange til Fossedalsstølen og 0,5 time til Fossen.
Totalt rundtur ca. 17 km og bør rekne 6 – 7 timar på heile turen. Svadfjellet er det høgste fjellet i Gulen med veldig vid og flott utsikt. Frå Portevarden har ein god utsikt mot Sognefjorden.
Kartsporet er unøyaktig tegna inn — følg sti og eventuell merking.
Parkering ved brua på Fossen (Fossedalen).